Musikkrebusen på onsdag blir flytta inn i Aktivitetshuset.
Styret i Uskedal Skulemusikk melder at musikkrebusen som dei skal arrangera på onsdag kl.17.15, blir flytta inn i Aktivitetshuset. Grunnen til flyttinga er dei dårlege vermeldingane. Det vil fungera svært godt å avvikla arrangementet innandørs og det blir like kjekt. I tillegg til dei spennande, tonefyllte oppgåvene og velklingande fasiten blir det servering av kaker, kaffi og saft. Det blir ein flott anledning til god prat rundt småborda. Så møt opp til denne kjekke ettermiddagsstunda!
På bildet ser vi Iver og Ola då dei presenterte ei av rebusoppgåvene i fjor.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland