Vårdal Elmedia v/ Karl Petter Vårdal er på plass i Helgheim for klargjering til dokumentasjon av 90 års jubileet til Uskedal Musikklag i morgon. Det er eit oppdrag som krev planlegging og synfaring før sjølve festen. Med fleire kamera, lys og mikrofonar vil Vårdal gjera eit råopptak, som seinare vert redigert. Produketet vert levert musikklaget på ein minnepenn for lagring og arkivering.

Lagssoga med gamle instrument er noko av det som vert dokumentert.

Sjølve opptaket vil fylgja oppsett program. Det handlar om konsertdel, lagshistorikk med samtale, song og til slutt ein avdeling med allsong. Det er viktig å få fram eit opptak med god lyd og godt lys. Difor brukar han mikrofonar på nokre av personane, men også i salen. Etter redigering vert alle lyd- og biletfiler overlevert til oppdragsgjevar. Det er viktig at sluttresultatet er godt.

Fotodokumnetasjon – her med Lars Myklebust og Knut Steinsletten i arbeid med Julagrano.

Publikum i salen vil ikkje merka stort til opptaket.

Karl Petter Vårdal har drive i media i mange år, saman med andre og no med eige firma.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal