Musikklagsjubilantane i den nye podcasten Grendemellom.
Høyr den her
Sist veke starta lokalavisa Grenda opp med ein ny podcast. Podcasten har fått tittelen Grendemellom og i den første innspelinga hadde dei fokus på ungdomsarbeidet i kommunen då ingdomsarbeidarane Mauricio Weimar og Marthe Prestnes Ersland var gjester.
Tirsdag vart den andre sendinga spela inn i det nye studioet til Grenda. Då handla det om Uskedal Musikklag og det nylege jubileet til laget. Bjørgulv Eik og Thor Inge Døssland var gjester og redaktør Morten Nygård var programleiar, og Jarle Håvik tok seg av det tekninske.
Denne kan de høyra ved å klikka dåke inn HER. Då kjem de inn på saka i Grenda der de kan klikka dåke vidare inn på sjølve podcasten.
Foto: Karoline Gjerde Eik, Grenda
Nett: Thor Inge Døssland