Musikklaget takkar.
Uskedal Musikklag vil takka alle som møtte opp og heidra korpset på 90 årsmarkeinga i Helgheim på søndag. At det blei eit fullstappa Helgheim, er til svært stor glede for oss i korpset. Vi håpar at ingen angrar på at dei tok turen. Eit slikt arrangement krev stor innsats av korpsmedlemmene, men ein 90 åring klarar ikkje alt åleine. Vi kunne aldri klart det utan gode støttespelarar. Vi takkar alle som møtte opp og gjorde jubileet til ein fest, og i tillegg vil vi senda ei ekstra takk til mange:

- SPAR Uskedalen gav dei to flotte og store marsipankakene som vi hadde bestilt. Ei stor gåve! Den fantastiske butikken vår støttar verkeleg opp om mange aktivitetar. Dette gjer bygda vår betre å bu i. I same slengen takkar vi alle kakebakarane som ofte stiller opp. Vi syns det er ekstra stas at 15 årige Ola som regel er først i kakebakekøen. Ein skikkeleg «Verdens Beste»-bakar.
- Vi takkar Uskedal Historielag som gjorde det mogeleg å realisera planane om videoopptak, og såleis sikra god dokumentasjon for ettertida. Dei tok alle kostnader med dette. Vi takkar og Karl Petter Vårdal i Vårdal Elmedia som gjorde jobben til ein særs gunstig pris.
- Opningsnummeret gav ein pangstart i følgje Uskedalssida. Det var litt tilfeldig og delvis planlagt. Tidlegare dirigent Per Olav Paulsen frå Sagvåg hadde fått greie på at vi skulle spela ein god del musikk som han hadde laga. Dette var truleg grunnen til at han dukka opp Helgheim om lag eit kvarter før start. Han er opphavsmann til Jubilant March som var opningsnummer. Kjappe hjerneceller tenkte då: Kva om Per Olav dirigerte den? Etter å ha tenkt seg litt om, sa han ja, og dei fleste musikarane fekk vita det før dei kom på scenen.
Ei anna overrasking for publikum var det at Kjersti Nilsen Børve gjorde comeback som tamburmajor. Med bestemt takt sette ho farge på Jubilant March i den fine raude drakta, sydd av Marit Friheim, og som hadde vore ubrukt i over 30 år. Tusen takk til desse to for positiv og sporty innstilling. Prikken over i-en!! - Vi takkar alle, både privatpersonar, firma og lag, både dei som var på festen og dei som ikkje hadde høve til å komma, for pengegåver til bursdagen. Det kjem godt med til drifta av korpset.
- Til slutt vil vi senda ei hjarteleg takk til alle som hjelpte til med den praktiske gjennomføringa: Jofrid og Åse med sine gode hjelparar på kjøkkenet, dei som hjelpte til med rigging på førehand og rydding etterpå, trekkspelaren og absolutt alle som bidrog. Det var mange som hadde fortent blomar!!

Hjarteleg takk til alle som hjelpte til med å skapa ein fest vi alle kan vera stolte av!!
Uskedal Musikklag.
Nett: Thor Inge Døssland
Foto: Inga Tveito