Uskedal Musikklag hadde sin årleg førjulskonsert på Rosendalstunet i går ettermiddag. Litt sjukeforfall gjorde at korpset var noko redusert utan at det hadde noko sei for prestasjonen og framføringa. Musikarane hadde på nisseluene, nystrikka i fjor og gåve frå fansen.

Repetoaret var lagt opp i to bolkar, soloinnslag og ein bolk med song frå allsongboka som til vanleg vert brukt på institusjonane. Alt handla om advent og jul. Frammøte var over all forventning og tilbakemeldingane var gode. Astrid Naterstad frå Rosendalstunet nytta høve til å takka Musikklaget for besøket og fin konsert.

Nisseluene var på.

Neste oppdrag for korpset er juleafta då det er gudsteneste i Helgheim kl. 15.00

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal