Uskedal Musikklag går nye vegar i si formidling ved institusjonsbesøk og på konsertar med allsongprogram med tekstar henta frå hefte Song- og musikkglede. Ei unik skipsklokke i messing med royal bakgrunn er klar for bruk mellom anna ved framføring av Skomværsvalsen, arrangert av Per Olav Paulsen. Tekst: Erik By Melodi: Bjarne Amdahl. Ståle Eik har laga stativ der beina er dreia i ask. Det er nytt oppheng og ny fletta tamp til å slå slag med.

Skipsklokka med nytt stativ laga av Ståle Eik

Skipsklokka er kjøpt på auksjonsforretning i Sandnes for 16 år sidan. Klokka er i messing og veg 12 kg. Skipsklokka har monogram og desse bokstavane/tala: E – R – 1955 – 4 . E står for Elisabeth. R står for rex ( konge ) Tala 1955 er truleg produksjonsåret og 4 kan vera eit serienummer.

Med alle atterhald så kan det vera at skipsklokka har vore på eit engelsk marinefarty. Det vert arbeidd med å finna meir ut om bakgrunnen, mellom anna om kor klokka er støypt. Truleg er det eit produksjonsnummer inne i klokka som kan sei noko om kor skipsklokka er produsert.

Den unike skipsklokka vart teken i bruk på musikkøvinga til Veteranbandet i går kveld. Klokka skal brukast fyrste gong offentleg på Husnestunet 9. april.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/Ståle Eik