Uskedal helselag søkte og vart tidelt kr. 15 000,- frå Nasjonalforeningen frå det som vert kalla Demensaksjonsmidlar. Målet er å redusera einsemd og skapa trvsel for eldre og demensråka personar. Av denne løyvinga er Uskedal musikklag tildelt kr. 5 000,- til prosjektet Song og musikkglede.

På vegne av musikklaget uttrykker tubaist Thor Inge Døssland at dei er svært takksame for den viktige støtta laget får til prosjektet sitt Song og musikkglede. Som ein del av dette prosjektet har dei fått trykt eit hefte med 50 gode allsongar. Til mange av desse songane har dei fått laga spesielle arrangement til allsongbruk. Konseptet med korps, allsong og forsongar Kristian Bringedal har vist seg særs populært m.a. på institusjonsbesøk og på allsongkafear.

Med denne støtta kan vi få laga arrangement til om lag 10 nye songar. Det er svært viktig for å utvikla det vidare. Tusen takk! avsluttar musikklaget, og legg til at det er Bjørn Aakre i Trondheim og Per Olav Paulsen på Stord som står for arrangeringa. Heile prosjektet Song og musikkglede har ei kostnadsramme på vel 34.000, og laget har tidlegare fått 18.000 frå Kvinnheradstiftinga til det.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto