Sist veke var Rustne Menn med på ein musikalsk maraton med innslag i fem bygder på ein dag. Eldrerådet i Tysnes kommune var tilskipar og denne forma for for gjennomføring er noko som heng i frå Covid tida. Då valde Tysnes å skipa til Seniortreff på Reksteren, Uggdal, Våge, Lunde og Onharheim med program og matøkt. Slik vert det gjort i dag også. Rustne Menn har knapt vore med på ein regi med slik logistikk nokon gong.

Plakaten med mellom anna Kvitanesen og Rustne Menn.

Fyrst ut var Reksteren med program og markering kl. 11. Torbjørn Ljones, kjend under pseudonym Kvitanesen hadde kåseri. Rustne Menn stod for det musikalske innslaget. Straks det verbale innslaget var ferdig, reiste kåsøren i førevegen og gjorde seg klar for neste plass. Rustne Menn kom etter, rigga på nytt på ny plass, heile fem gonger opp- og nedrigging og gjennomføring.

Med reise frå Uskedalen kl. 08.00 og heime att kl. 23.00, så kan ein sei at det røyna på. Men, det var ei erfaring å ta med.

Pensjonert lensmann og medlem i Eldrerådet, Lorentz Lunde, var ein av fleire på arrangementsida.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arne Langeland