Eit hundretals menneske møtte fram ved Grano i kveld då Ingeborg Huse Bjørnebøle og Espen Aakre Sjo nådde målet etter den lange gåturen frå Trondheim til Uskedalen. Slekt og vener frå fleire bygder var på plass med flagg, plakatar og ballongar. Innspurten gjekk frå Simlebu i Etnefjella til Skånevik, vidar med kajakk til Valen og så på vegen fram til Uskedalen.

På Sjøhaugen – så tett på målet har dei aldri vore.




Uskedalen.no møtte dei på Sjøhaugen. Midt på Uskedal Bru var målet nådd. Dei visste ikkje noko om kva som venta dei på plenen ved Gamleskulen. Straks dei runda svingen såg dei eit folkehav ved Bautasteinen. Foreldra, besteforeldre, sysken og slekta elles, store og små, var på plass med heiarop og ein varm velkomst.

Slekt og vener møtte fram til ein varm og rørande velkomst.

Etter endt studie i Trondheim vart det til at Ingeborg og Espen ville gå heim til Kvinnherad.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal