I neste veke er det på nytt møtedagar på Bedehuset, frå onsdag 20. oktober til sundag 24. oktober. Talarar er Roald Evensen og Audun Hjellvik frå Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er lagt opp til doble bibeltimar, basar og forsamlingsmøte. Bilete over syner forkynnar Roald Evensen som var i Uskedalen som talar for eit år sidan, oktober 2020. Les meir om programmet under:

  • Onsdag , torsdag og fredag kl 19 – 21: Doble bibeltimar med kaffipause midt i. Tema er: Dette skal du vita – tema om endetida og Lærdom om Moses og Josvas liv og leiarskap.
  • Laurdag kl. 16.00: Basar
  • Sundag kl. 11.00: Foramlingsmøte
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto