Det er i kveld montert ein Samsung TV skjerm, 75 tommar, i møterommet på Stemneplassen. Med dette kan Uskedal Friluftslag gje eit fullverdig tilbod slik det skal vera i eit moderne møterom. Det er rett nok ikkje tilgang på internett, men alle som har mobildata, har likevel ei god løysing. Hans Ordin Østebø har vore konsulenten for innkjøpet og stått for monteringa, saman med Britt Iren Tjelle Østebø og Kristian Bringedal.

Tilskot frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad gjer at innkjøpet kunne gjerast no. Friluftslaget har i dag seks faste brukarar med årsleige. I tillegg kjem lag/organisasjonar og private brukarar som tingar og leiger møterommet frå gong til gong. Møterommet og plassen er ute er godt eigna for barneselskap. Med ny TV skjerm kan det ein til dømes sjå barnefilm.

Hans Ordin og Kristian monterer TV skjermen i møterommet.

Du finn meir informasjon om utleige på uskedalen.no – tilbod – utleige.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Britt Iren Tjelle Østebø