Dag Steinfeld med relasjonar til Uskedalen samla mykje folk på førelesinga i Kvinnherad Senioruniversitet i dag. Kona Mari kjem frå Uskedalen og sjølv har han mange ferieminne frå bygda. Uskedalen.no fekk eit personleg møte med Steinfeld. Dei fire døterene etter Ragna og Finn Myklebust eig saman hus i sentrum, det som var lærarbustad fram til kommunen selde det tidleg på 1970 talet. Dag Steinfeld er godt kjend i Uskedalen. Han har vore på alle fjelltoppane i Uskedalen og han har gode minne frå møte med mange uskedelingar.

Uskedalen.no fekk eit personleg møte med Dag Steinfeld. Her saman med styreleiar Steinar Haugan.

Den profilerte advokaten, Dag Steinfeld, er av ein jødisk familie som kom til Noreg frå Latvia via Sverige og slo seg opp på handel. Mange i familien vart arresterte i krigsåra og seinare gassa ihel i konsentrasjonsleiren i Auschwitz. Han har dei siste åra skrive bok om familien og desse hendingane. Boka Ferdre og sønner sel godt, også i Kvinnherad. I dag selde og signerte han bøker i samaerbeid med Norli Husnes.

Deler av føredraget handla om vanskelege relasjonar i familien Steinfeld. Bestefaren, Jacob Steinfeld, gifta seg med ei norsk kvinne som attpåtil var pinseven. Det var brot på jødiske tradisjonar. Det førte til tvangsutmelding av Det Mosaiske Trossamfinn i Trondheim, eit samfunn han sjølv hadde starta. Dei vart også utstøytt frå resten av familien.

Mange, også frå Uskedalen, møtte fram i dag for å høyra førelesinga til Dag Steinfeld.

Dag Steinfeld avslutta foredraget med å fortelja om faren, Hermann, som motstandsmann, arrestart og torturert av Gestapo, nedbroten og innlagd på Nevengården. Han hadde etter krigen arbeidet sitt i etterretningstenesta i Forsvaret og overvaka mellom anna sine eigne søner.

Dag Steinfeld er i dag ein akiv kulturarbeider, ikkje minst frå arbeidet med Gestapohuset Veiten og Espeland fangeleir. Av mange styreverv kan han mellom anna syna til 10 år som styreleiar for Den nasjonale Scene. Han har ein sentral posisjon til organisasjonen Fritt Ukraina.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal