Arkiv-og kulturhistorisk gruppe hadde oppstartmøte 22. februar i år. Måndag 25. oktober har gruppa på nytt møte på Stemneplassen kl. 18.00. Læringsøkta handlar om skanning og biletbehandling v/ Hans Ordin Østebø. Det vert elles gjennomgang og status av pågåande arbeid. Faste medlemer vert innkalla på e-post. Dersom du lurer på kva dette er og vil vera med i arbeidet med innsamling, registrering og systematisering av kulturhistorisk materiale frå Uskedalen, møt fram. Samlingane er opne for alle.

kb