I denne veka vert det utført montering av nye element på Telemasta på Skårhaug. Operatøren er TELIA. Montørane er innleigd frå eige selskap og reknar med å bruka ei veke på jobben. Dert føl risiko med arbeid i så stor høgde. Gjenstandar kan i verste fall falla ned. Difor er det kome sperreband i deler av turvegen. Den eine av dei to montørane bed om varsemd og at ein held seg unna arealet som er merka med sperreband.

Montørane gjer klart for å få elementa opp i stor høgde.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal