Mona Vetrhus med skrivekurs i regi av Kvinnherad kulturskule.
Kan det vera ei forfattarspira i huset ? Likar du å skriva eller leika med ord ? No har du sjansen. Mona Vetrhus frå Uskedalen held skrivekurs i regi av Kvinnherad kulturskule. Dag og dato: Laurdag 22. februar. Det er to kurs, eit for 4. – 7. klasse og eit for 8. klasse og oppover.
Kom og bli med. Mona skriv til uskedalen.no at dette skal bli gøy. Vi skal leika med ord. Om du har lyst å skriva ein songtekst, ei superhelthistorie, eller noko heilt anna, er dette plassen for deg.
Påmelding innan 8. februar til Kvinnherad kulturskule. Meir informasjon finn du på Kulturskulen si heimeside.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat