Odda har eige litteraturhus med namnet Sentralbadet litteraturhus. Komande laurdag kl. 13.00 vil Mona Vetrhus vera der med barneboka «Nattklubben».

I boka «Nattklubben» nærmer tida seg for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova sjølv om mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn.

Mona Vetehus les og fortel. Det vert hattesparkkonkuranse og disko!

Opplegget passar best for barn frå 2 til 8 år, men alle som vil, kan vera med.

Kafeen er sjølvsagt open!

Laurdag 13. september kl. 13

Tekst/foto: Henta frå FB Sentralbadet Litteraturhus
Nett: Kristian Bringedal