Med bakgunn i søknad mottek seks frivillige lag og organisasjonar momskompensasjon i desse dagar. Mest får Uskedal ungdomslag med heile kr. 33.581,-. Så kjem Uskedal Idrettslag med kr. 27.639,- og Uskedal utvikling med kr. 21.078,-. Målet med denne ordninga er å fremja frivillig arbeid og aktivitet. Tilskotet vert administrert av Lotteri- og Stiftelesestilsynet i Førde. Det er ein føresetnad at oganisasjonen er registert i Frivilligregisteret. Løyvinga vert rekna ut frå kva driftskostnader ( moms ) ein har hatt i 2021 ved kjøp av varer og tenester til dagleg drift. Kostnader ved nybygg eller ombygging vert ikkje rekna med i søknadsgrunnlaget.

Dei andre organisasjonane i Uskedalen er:

  • Røysterett for Alle
  • Uskedal skulemusikk
  • Uskedal helselag
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda