Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om å få dekka deler eller alle kostnader med moms. Det gjeld moms ved kjøp av varer og tenester. Regjeringa har lova å halda fram med denne ordinga. Organisasjonar, som er tilknytta og er medlem i ein hovudorganisasjon, legg inn sine kostnader der og mottek såleis refusjon. Dei som ikkje har ein slik organisasjnsmodell, må senda eigne søknader med dokumentasjon. Bilete syner arbeidet med restaurering av Helgheim. Les meir om kva organisasjonar i Uskedalen som fekk tilbakebetaling av moms i 2021:

  • Uskedal Helselag: kr. 4.460,-
  • Uskedal Skulemusikk: kr. 6.352,-
  • Uskedal Ungdomslag: kr. 25.487,-
  • Uskedal Idrettslag: kr. 54.638,-
  • Røysterett for Alle: kr. 7.989,-
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal