Momskompensasjon til 7 lag og orgnisasjonar i Uskedalen.
Etter søknad er sju lag og organisasjonar i Uskedalen tildelt momskompensasjon 2024. Grunnlaget for tildelinga er drifta året før. Festidalen toppar lista med heile kr. 416 376,- i refusjon. Neste på lista frå Uskedalen er Uskedal Idrettslag med kr. 162 864,- inn på konto.
Det er Lotteri- og stiftingstilsynet som tildeler midlane. For dei som har såkalla moderorganisasjonar, vert søknaden sendt til dei før tildeling. Det kan vera Norges Idrettsforbund, Nasjonalforeningen for folkehelse eller Korforbundet. Andre kan også søkja, men må då gjera ein meir omfattande jobb med dokumentasjon.
Refusjon av moms gjeld for kostnader frivillige organiasjonar har på kjøp av varer og tenester. Ordninga gjeld også for investeringar.
I tillegg til Festidalen og Uskedal Idrettslag er desse tidelt midlar:
- Røysterett for Alle
- Uskedal Bedehusforsamling ( Uskedal Indremisjon )
- Uskedal skulemusikk
- Uskedal Utvikling
- Uskedal helselag
Tekst/nett: Kristian Bbringedal Foto: Arkivfoto Kjelde Grenda - Morten Nygård