Uskedal sokneråd er nøgd med interessa og frammøte i kyrkja i går til konsert og møte med gjester frå Umred Joy Care Centre, India. Marit Lindekleiv, Lina Håland, Reidar Algerøy og Singing Tweens stod for den musikalske delen. Mary og Effi David saman med Margunn og Lina Håland fortalde om arbeidet med skule, mat, klede og hjelp til fattige born. Eli Roseth Eik og Inger Elise Helgeland har vore med på turen til Umred. Dei var begge med og organiserte samlinga i kyrkja.

Gjester frå Umred i India. Mary og Effi David med dotter deira.

Margunn Håland er styreleiar og er primus motor i organisasjonen Umred Joy Care Sentre frå Sandnes. Ho har mange gonger vore i Umred og føl tett opp med å sjå til at den økonomiske støtta frå Noreg kjem fram og vert brukt slik føremålet er.

Lina Håland i samsong med Singing Tweens.

Margunn jobbar med å finna givarar og sponsorar. Med avgrensa midlar får ein gjort mykje for å hjelpa fattige born i slummen med skule, mat, klede og ei betre helse. Organisasjonen er alltid takksam for gåver.

Konto: 3205.24.06748 eller VIPPS: 520137.

Samlinga i kyrkja vart avslutta med kveldsmat. Mange stoppa og var med på ei gild sosial stund.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal