I morgon, onsdag, kl.10 er det oppstart av eit nytt trimtilbod som i første rekkje er tenkt for seniorar. Iniativstakarane håpar at kvinner og menn vil møtast til trening på dei flotte og gode treningsapparata som Uskedal helselag fekk sett opp for nokre år sidan. Det er viktig at kroppen får variert og mangsidig trening, og det målet blir oppnådd ved å ta ei treningsøkt med desse apparata.

Det er ikkje lagt opp til noko felles organisering, kvar og ein kan leggja treninga og intensiteten opp slik ein ønskjer. Alle vil få det utbyte dei ønskjer, og fellesskapet blir sikra ved at fleire trenar saman. Dette er meint som eit tilbod for alle uansett form, og iniativstakarane håpar på godt frammøte av både kvinner og menn i morgon, onsdag kl.10.

Kristian Bringedal ser fram til faste økter med treningsapparata.

Vi nemner også at trimmen i Gamleskulen som Uskedal helslag driv, startar opp att etter ferien mandag f.k. kl.11.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland.