Å halda seg i kroppsleg aktivitet er viktig for helsa. Etter kvart som ein blir eldre, er det viktig å halda forma ved like. Mange er flinke til å gå tur. Det er også viktig å driva litt supplerande trim med tanke på koordinasjon, litt styrke og ballanse. Dette blir det no teke initiativ til ved å samla dei som ønskjer det til uformell, sosial og uforpliktande trening ved å bruka treningsapparata som Uskedal helselag skaffa til veges som ein del av “Gull av grus”-prosjektet. Første samling blir onsdag 25.august kl.10, og initiativstakarane håpar dette kan utvikla seg til nyttige og sosiale samlingar for både kvinner og menn.

Ved å bruka apparata får vi god, variert og tilpassa trening.

Det er Kristian Olav Bringedal og Thor Inge Døssland som har tatt initiativet til dette tiltaket.
– Vi har jo registrert at dei gode treningsapparata blir altfor lite brukt av fastbuande. Det er mest berre tilreisande og turistar som er å sjå der, seier dei to og trur at det er mange som kan tenkja seg å trena der, men dei gjer det ikkje åleine.
– Dei føler kanskje at dei trenar litt på utstilling då?

Begge er ivrige turgåarar, og dei ser at det er viktig å supplera med anna og variert trening. Derfor ønskjer dei å få til “fellestreningar”. Første samling er altså onsdag 25.september kl.10. Vidare kan ein diskutera i gruppa kva tider som passar best.
Treningane blir ikkje organisert på anna vis, for det er gode instruksjonar på kvart apparat korleis dei skal brukast. Kvar einskild kan bestemma sitt “treningsprogram” og intensiteten på det. Det er også fint å kombinera desse treningane med ein tur, om ein ønskjer det.
Dessutan innbyr sitjegruppene i området til god drøs på fine dagar når ein først er samla.
Kristian og Thor Inge understrekar at dei ikkje har noko leiaransvar. Dette håpar dei vil gli fint av seg sjølv, og “vegen blir til undervegs.”
– Det blir forhåpentlegvis ein helsefremjande og sosial arena.

Så, kvinner og menn, møt opp så vil dette bli veldig bra. Og dei som ikkje er komne i senioralder, er sjølvsagt også velkomne.

Eli Roseth Eik, leiar i Uskedal helselag, set pris på initiativet. Ho seier også at seniortrimmen som dei siste åra har vore i Gamleskulen, etter planen startar opp der mandag 30.august kl.11.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Olav Bringedal/Thor Inge Døssland