Minnelunden på kyrkjegarden er teken i bruk. To namn på minnesteinen.
Bisetjing og kremasjon gjer at det er aktuelt med bruk av minnelund, også i Uskedalen. Det vart lagt tilrette for minnelund på kyrkjegarden i Uskedalen februar 2023. No er det komne to namn på minnesteinen. Uskedalen var den 5. i rekkja av kyrkjer i Kvinnherad som fekk eigen minnelund. Person gravlagd på minnelund får namnet sitt montert på minnesteinen. Det er laga installasjon for ljos og blomar. Minnelunden ligg vakkert til med sikt mot båthamna og sjøen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal