Minnegudsteneste - tenner lys og les namna på dei som døydde det siste året.
Fyrstkomande sundag, 5. november kl. 11.00, er det minnegudsteneste på Allehelgensdag i Uskedal kyrkje. Då vert alle som døydde det siste året minnast med lystenning og opplesing av namnet. Alle pårørande er inviterte. Konfirmantane vert med på gudstenesta. Det er nattverd, ikkje dåp. Liturg er sokneprest Kjetil Kringlebotten. Organist er Tone Reinertsen Hellesøy. Offeret denne gongen går til Frelsesarmeen. Alle er velkomne til minnegudsteneste.
- Jens Naasen
- Per Johan Pedersen
- Leon Gilbert Gundersen
- Kristine Nernes
- Roald Svensson
- Solveig Tordis Haugland Olsson
- Eva Myklebust
- Dan Tore Hansen
- Eli Lovise Bringedal Myklebust
- Tordis Myklebust
- Lars Bjarne Rød
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto