På Helgemessesundag, også kalla Alle Helgensdag, er det lagt inn i gudstenesta ei minnemarkering for dei som døydde og er gravlagde i perioden oktober 2020 til den siste gravferda som var tysdag i denne veka. Det er 9 namn på lista. Pårørande er inviterte til å vera med på gudstenesta i morgon, sundag 7. november, kl. 11.00. Det vert lese og tend ljos for kvar einskild. Liturg er Kjetil Kringlebotten.

kb