Alle Helgensdag er sundagen vi særleg minnest dei som døydde det siste året. Namna på dei 11 personane vart lesne i kronologisk rekkjefylgje, frå Ruth Sæle gravlagd 12. november i fjor til den siste, Norunn Andreassen, gravlagd 14. september i år. Minnegudstenesta omfattar alle uansett kva tid ein døydde og vart gravlagd. Det vert tend ljos i globen ved kvart namn. Kyrkja sender invitasjon i forkant til alle pårørande. Det var frammøte frå fleire familiar. Mange nytta høve til å tenna ljos ute på gravene denne dagen og på kvelden.Til slutt les presten bøna: Vi takkar Deg for dei som har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Du har sett oss eit evig mål hos Deg.

Les namna her:

  • Ruth Sæle
  • Alf Eidsvik
  • Kristine Steinsletten
  • Jan Bakke
  • Grete Marit Snilstveit
  • Tor Jan Lakselv
  • Marit Johanne Bakke
  • Anna Rød
  • Harald Leif Snilstveit
  • Anna Augusta Wiese Arnesen
  • Norunn Andreassen
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal