Jonsoktradisjonen med bålbrenning må vera i tilbakegang. Det er ei utvikling mange har merka seg over fleire år. Bålbrenning ved i feira midtsommarnatta går tilbake til heidnisk tid. Bålet gav livgjevande krefter og skulle halda vonde makter borte frå innhaustinga. Den kristne tradisjonen knyter St. Hans til Johannes døyparen sin fødselsdag 24. juni. Fram til 1770 var faktisk 24. juni ein heilagdag i landet.

Etter mange år med St. Hans på Stemneplassen er jonsok no meir privatisert som eit familiearrangement med mat, leikar og sosialt samvære. Nokre burettslag og andre grupperingar prøver å samlast på Sankthansafta 23. juni.

På Storhaug på søre Musland var det bål og familiesamling. På Skorpo var det ikkje bål i år. Dårleg ver på førehand var årsaka til at ein ikkje fekk samla saman til bål. Det vart ei redusert feiring i eldhuset til Marit og Oskar Langballe. Nokre mindre bål var å sjå i stranda her og der.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat