Det er påvist omfattande konstruksskader i Uskedal kyrkje. Det er synlege nye sprekker og brot i treverke på fleire punkt. Saman med verneombod og leiar for drift er konklusjonen klar for kyrkjeverje Torstein Aarthun. Kyrkja vert stengt inntil ei grundig byggteknisk vurdering føreligg. Konsulentfima Akasia, brukt mellom anna av Bergen kyrkjelege fellesråd, vil koma på plassen onsdag i komande veke. Tidlegare i denne veka var takstmann på plass. Ein ventar på rapport.

Sprekker og brot i berande konstruksjon.

Det har alltid knaka og bråka i kyrkja ved sterk vind. Etter AMY er alt forverra. Bilete og målingar syner at eine langvegen er på veg ut. Det er usikkert kor sterk belastning det er på metallstaga. Det kan vera ein fare for at dei ryk. Det er knekk i søyler og forsyving i konstruksjonen. Måling med loddsnor og lasermåling syner store endringar den siste veka. På 4 meter er det ei forskyving på 14 cm. På galleriet er det synleg forskyving mellom vegg og galleri på 5 cm.

Veggen mot nord er i forskyvnig.

Tryggleiken går føre alt anna. Slik situasjonen er, vil ein ikkje ta sjansen på samlingar med mange menneske i kyrkja. Det er viktig å presisera at etter synfaring på onsdag med Akasia, vil mykje vera avklara om den vidare utviklinga.

Kyrkjeverje vil saman med soknerådet finna fram til alternative lokale for gudstenester og evt. gravferder. Julekonserten komande sundag er alt flytta til Helgheim.

Sentrale personar samla til presseinformasjon i dag. Kyrkjeverje Torstein Aarthun saman med verneombod, driftsleiar kyrkjer og soknerådsmedlem.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal