MF PETTER DASS til kai på Selstad/Eidsvik.
BOREAL si ferje MF PETTER DASS ligg til kai på anlegget til Selstad/Eidsvik i Uskedalen. Bilferja kom måndagkveld. Ferja er bygd i 1997 ved Harstadverftene i Harstad, den gongen for Helgeland Trafikkselskap. Heimehamn er Sandnessjøen. Den 70 meter lange ferja gjekk lenge i faste ferjesamband på Helgelandsskysten. Ferja kom sørpå etter at BOREAL fekk konsesjon på ferjedrift i Hordaland. MF PETTER DASS har ein lastekapasitet på 300 passarsjerar, 50 personbilar og 9 vogntog. BOREAL har før brukt kaien på Selstad/Eidsvik til kortare opphald for vedlikehald. Så langt vi kjenner til, ligg ferja i Uskedalen som ei reserveferje i BOREAL sine samband i område.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs