MF PETTER DASS "er ute og luftar seg ltt".
BOREAL si ferje MF PETTER DASS kom til kai på anlegget til Selstad/Eidsvik i Uskedaleni dag i 09 tida. Ferja er reserveferje i BOREAL sine samband og kom frå sambandet Utåker – Matre – Skånevik. Tidlegare i år har ferja vore på oppdrag i Rogaland, mellom anna i Randabergsambandet. PETTER DASS vert også brukt på sambandet Kvandal – Utne når det trengst. Ferja skal gå i dette sambandet i april månad.
Ferja er bygd i 1997 ved Harstadverftene i Harstad, den gongen for Helgeland Trafikkselskap. Heimehamn er Sandnessjøen. Den 70 meter lange ferja gjekk lenge i faste ferjesamband på Helgelandsskysten. Ferja kom sørpå etter at BOREAL fekk konsesjon på ferjedrift i Hordaland. MF PETTER DASS har ein lastekapasitet på 300 passarsjerar, 50 personbilar og 9 vogntog.
MF PETTER DASS har sidan januar i fjor hatt fast kaiplass i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal