MESTA hadde tilsyn på veglysa i går - Eik og Steinsletto har vore utan veglys i eit år.
Vedstrekninga frå Buasvingen på Eik til avkøyringa til Børneset har vore utan veglys i eit års tid. Årsaka skal vera eldre armatur der det har vore vanskar med å skaffa deler. Etter tilsynet og oppgraderinga i går er det von om at veglysa fungerer. MESTA er utførande entreprenør.

Så langt vi kjenner til, var det tilsyn og vedlikehald på alle veglysa frå Synet til Steinsletto. Det var manuell dirigering av trafikken i område Buasvingen – Steinsletto i den tida arbeidet vart utført.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Wenche Stensletten Nummedal