
Merka tursti mellom to skogsvegar på Feet.
Frå enden på skogsvegen på Døssland/Feet gjennom skogen fram til skogsvegen i Eikedalen er det no merka tursti. Område er på nedre Feet. Merkinga er raudmerka stolpar. Med dette er det langt betre å ta seg fram frå snuplassen gjennom skogen og fram til stien til Såto og Englafjell og vidare ned til skogsvegen i Eikedalen fram til Flåtene. Uskedalen.no kjenner ikkje til kven som har iverksett arbeidet. Det er uansett eit postivt tiltak.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal