Vaage skog AS har i samarbeid med Steinar Haugland fått i oppdrag å fella tre på skuletomta – Haugland skulemuseum i Uskedalen. Trea er rettleg vaksne og det er aukande fare for at trea kan gjera skade på bygningar. Det vert gjort avtalar med naboar om tilkomstveg, og det vil bli sett opp sperreband, som då indikerer at ferdsel på anleggsområdet ikkje er tillate.

Bileta syner vegetasjonen tett rundt husa.

Vaage skog AS og Steinar Haugland bed om at dette vert respektert. Bøketrea på tomta skal ikkje fellast – dei skal pleiast av arborist, og dette vil skje noko seinare i vinter. Arbeidet med trea er sett i gang etter råd frå innleigd arborist.

Arbeidet er venta utført innan 1. april 2024, men ver og føre vil venteleg avgjera framdrifta. Straum er kobla frå bygninga, og gjerdet skal midlertidig takast ned. Kvinnherad kommune vil koma attende med informasjon når skulemuseet igjen kan vere tilgjengeleg for omvising.

Ein del av lerketrea, som skal fellast, vert nytta til restaurering av slåket på kverna på Rødtunet, noko dugnadsgruppa i Uskedalen har tatt initiativ til.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal