Festidalen skriv og oppmodar frivillige til å melda seg. Festidalen betalar alle som jobbar frivillige med billettar. 10 timar som frivillig er verdt eit dagspass og 20 timar er verdt eit festivalpass. Det betyr at dersom du jobbar ein kveld som frivillig så får du billett til den andre kvelden. Jobbar du på førehand med rigging t.d. 2-3 dagar så kan få eit festivalpass. Dei skriv vidare:


Me er opptekne av at du skal ha det kjekt som frivillig på Festidalen. Det er difor viktig at du les kva forventningar me har til deg på festidalen.no og at du seier i frå om det noko som ikkje er greit.


Mailen vår er frivilleg@festidalen.no Ta kontakt om du lurer på noko.
Me gler oss til å ha deg med!

Tekst/foto: Henta og redigert frå Facebook Festidalen
Nett: Kristian Bringedal