Det nye året for ungdomslaget og Fjelly tok til med melding frå Kvinnheradstiftinga om ei gåve på kr. 30 000,-. Gåva skal brukast til innkjøp av spisemøblar. Anita Enæs skriv på Facebook at når desse kjem på plass, vil stove- og kjøkendelen i hytta nesten framstå som heilt ny.

Og ikkje nok med det. Ein kan og kjøpa bæremeis og pulk, som vil letta arbeidet med å få ting og tang att og fram til hytta, som til dømes fulle og tomme gassflasker, og tyngre verkty. Styret takkar Kvinnheradstiftinga for all god støtte til arbeidet med hytta Fjelly. Med den gode starten på året, ynskjer styret gamle og nye gjester velkomne til hytta.

I den same gåvetildeling fekk Uskedal musikklag kr. 12 000,- til supplering av utstyr.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto