Kvinnherad kommune startar massevaksinasjon for korona. Informasjon om arbeidet vil bli lopande oppdatert på kommunen si heimeside. Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. Denne infomasjonen er henta frå Kvinnherad kommune si heimeside, oppdatert i dag 18.01.2021.

Vaksinering startar på Husnestunet 07.01.2021

Deretter fylgjer Halsnøytunet og Rosendalstunet

Restdosane vil i første omgang bli prioritert til helsepersonell som er i kontakt med mange potensielle smitta, og som er vanskelege å erstatta.

Helsepersonell vert høgare prioritert enn tildegare opplyst, og det er gjeve høve til å nytta 20% av tilsendt vaksine til helsepersonell. Helsepersonell blir først prioritet frå veke 2. Første levering er kun til sjukeheimar.

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle det er rådd til å vaksinera. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først:

Bebuarar i sjukeheim
Dei over 85 år
Dei over 75 år
Dei over 65 år
Personar 18-64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar – risikogruppe
Kommunen vil først kontakta dei over 85 år, og deretter aldersgruppene vidare nedover på prioriteringslista. Innbyggjarar under 65 år som er utan tilleggsliding må fylja med på annonsering i lokal avisene og/eller på kommunen si heimeside for å orientera seg om kva tid dei kan få tilbod om vaksinering.

Les meir om prioritet her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Det er to vaksinasjonsstader i kommunen:

Kulturhuset på Husnes
Rosendal Samfunnshus
På Hatlestrand/Ølve vil dei eldste få tilbod om vaksinering på Hatlestrand helsesenter.

Kommunen oppmodar om at alle som har moglegheit kjem seg til vaksinasjonsstaden ved eiga hjelp – for å gjera arbeidet meir effektivt.

Kommunen veit ikkje dato enno, men vil ta kontakt straks vi har ein konkret time å tilby for desse gruppene. For dei under 65 år vil vi koma attende med informasjon om korleis dei skal gå fram i høve til vaksinering.

For meir informasjon om koronavaksinering, sjå Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal