Feirar gjenopninga med engelsk pub på Dønhaug i kveld kl. 19.00 - 22.00.
Det vert ei markering i samband med gjenopninga av samfunnet og kulturlivet i kveld i Dønhaugkjedlaren frå kl. 19.00 til kl. 22.00. Magne Huglen set pris på livet og inviterer vener og alle andre til ei gild og sosial stund i puben på Dønhaug. Det vert i engelsk stil med fyr på grua og med CD musikk over anlegget. Alle, som har høve til å ta turen på så kort varsel, er velkomne. Bilete syner det som truleg var den siste pubkvelden i Dønhaugkjedlaren før nedstenging i mars 2021.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto