I tillegg til den fast staben på Sjømannskyrkja på Gran Canaria har kyrkja mange frivillige hjelparar. Marit Langballe er ein av dei frivillge. Ho bur i Puerto Rico i vinterhalvåret og har meldt seg som frivillig med mellom ansvaret for strikkegrupper og julebasaren. Julebasaren går over to dagar der det er åresal, sal av handarbeid, julekaker og julepynt. Då uskedalen.no var innom kyrkja for tre veker sidan var førebuingane til basaren i full gang Med garn frå Noreg, vakumpakka for ikkje å ta stor plass i bagasjen, var ivrige strikkarar i gang ute i hagen. Marit held styr på lageret og ser til at alle får utlevert garn i rette fargar til dei mange produkta som alt ligg ferdigstrikka på borda i kantinen. Bilete syner Marit Langballe på lagerrommet der ho deler ut garn til frivillige på strikkegruppene.

Ei strikkegruppe ute i hagen jobbar fram mot julebasaren som går over to dagar i denne veka.

Sjømannskyrkja er ei kyrljeleg, sosial og kulturelle møteplass for sjøfolk, studentar og for alle nordmenn som bur eller er på ferie i utlandet. Kyrkja er til for alle uansett ståstad og livssituasjon. Mange treng hjelp og kyrkja sine tilsette er på plassen for å skapa tryggleik og trivsel. Om du er sjuk, innlagt på sjukehus eller i ein annan sårbar situasjon, ja, så er Sjømannskyrkja der for deg.

Kyrkja har eit rikt og variert program med konsertar, temakveldar, middags- og kveldsbøn og sjølvsagt gudsteneste kvar sundag. Då er tilstrøyminga av folk så stor at ein må låna Den katolske kyrkja sine lokale i Arguineguin. Det er trusopplæringsprogram for borna. Fest på kyrkja er eit anna fast innslag. Las Palmas er ein stor hamneby der presten ofte er på skipsbesøk.

Sjømannskyrkja på Gran Canaria er den mest besøkte kyrkja av alle norske kyrkjer i utlandet.

Tidlegare sjømannsprest og prest/prost i Ryfylke, Arne O. Øystese, frå Kvam har ofte vore såkalla vinterprest på Gran Canaria. Arne vaks delvis opp i Ølve, der far hans var res.kap. Seinare kom dei til Etne. No bur Arne O. Øystese sentralt i Øystese, pensjonist, men er framleis prestevikar og aktiv i arbeidet for Den norske Sjømannskyrkja.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
I kapellet er det middagsbøn kvar dag kl. 12.00. Gudstenesta kvar sundag kl. 17.00 samlar så mykje folk at ein må låna lokale av Den katolske kyrkja.