Fylket har ansvaret for ca 7 km veg oppover dalen. Og kommunen har ansvaret for 500 meter med asfaltert veg i øvste enden av denne fylkesvegen. Fylkesvegen vert i hovudsak godt vedlikehalden på vinteren. Det er derimot manglande vedlikehald på den kommunale delen. Problemet og saka er faktisk ein gjengangar med klage og begymring gjennom dei siste 10 – 15 åra. Saka vert truleg no løfta til politisk nivå. Dette er noko av det som kjem fram i skriv frå Møyfrid Kristoffersen til Kvinnherad kommune. Les utdrag frå klagen til kommunen:

Slik ser den isete vegen ut dei siste 500 metrane fram til Friheim.

For ca 15 år sidan, så var det ein av bebuarane her oppe i dalen som hadde ansvaret for vedlikehaldet. Han både følgde med på kva tid det var trong for tiltak og han utførte det. Desse siste åra, har det vore med livet som innsats mange gonger at folk har ferdast på dei kommunale metrane.

Uskedalen er ein ynda turplass for mange, særleg om vinteren, då sola skin her oppe mellom fjella. I enden av dei 500 metrane, så er der også ein gardsbutikk, som har svært mange kundar, også om vinteren. Dessutan kjem det store bilar med vareleveransar.  Borna skal på skulen og det kan vera vanskleg for skulebussen å ta seg fram.

Mange køyrande er ikkje klar over “skillet” som går tvers over vegen, der eigeforholdet mellom fylket og kommunen skiftar. Dei kjem frå salta veg og plutseleg rett over på ein glasert veg. Dei 500 metrane fram til Friheim er den brattaste delen og med høgast utføre.

I samtalen Møyfrid Kristoffersen har hatt med kommunen, kjem det fram at det skal forhandlast ny avtale for vintervedlikehaldet til våren. Ho har presisert at det er viktig å få fram eit samarbeid med Fylkeskommunen.

Slik forholda er, så er det i alle fall heilt uhaldbart og livsfarleg.

Tekst: Redigert frå skriv til kommunen
Nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen