Manglande respekt for kommunestyrevedtak og menneskeliv v/ Thor Inge Døssland.
Administrasjonen i Kvinnherad Kommune kjører på for å få brannstasjonar nedlagde. Seinast i 2020 blei det gjort eit tydeleg vedtak i kommunestyret om at Uskedal Brannstasjon skulle oppretthaldast minst på det nivå som var då. Kva har skjedd vidare? Administrasjonen har ikkje teke omsyn til vedtaket. Er ikkje dette tenesteforsøming? Dei har arbeidd vidare for å nå målet sitt om å få denne stasjonen nedlagd. Dei vil til og med gå til det skritt å leggja ned den relativt nye stasjonen Rosendal, byggja ny på Seimsfoss for å pressa gjennom nedlegginga i Uskedalen.
Ikkje berre galskap, men totalt manglande respekt for poiltikarane, og total mangel på forståing av det demokratiske systemet. Administrasjonen er pliktige til å følgja opp politiske vedtak. Dei som har fulgt opp vedtaket er derimot arbeidsgruppa mot nedlegging av brannstasjon i Uskedalen. Dei har peika på ein relativt rimeleg mulighet for ny brannstasjon i det planlagde Fronta-bygget på Børnes. Kommunen bør takka dei for
det gode tipset, ta opp hansken og arbeida vidare med dette. Eller ønskjer
adminastrasjonen dyrare prosjekt slik at dei kan bruka tala som argument for nedlegging ?
Avstanden til brannstasjonar må ikkje vera for stor. Det er viktig med rimeleg kort utrykkingstid når situasjonar oppstår. Når liv skal reddast, kan sekundar vera viktige, men det betyr slett ikkje at ein bør bruka stoppeklokka slik som det er gjort i førearbeidet av denne saka.
Her har dei teke tida på urealistisk «perfekte» utrykkingar, for å prøva å halda seg innanfor maks utrykkingstid til relativt store bygder som Uskedalen. Ver så greie, vis ikkje så lite respekt for dei alvorlege situasjonane at de brukar stoppeklokka på den måten. Det er ikkje om å gjera å dekka i lengst mogeleg avstand. Då er vi brått både i bakvendtland og molbuland!
Tenk heller tilbake på aktuelle faktiske situasjonar. For få år sidan fekk mannskapa ved Uskedal Brannstasjon mykje ros for at den eksplosjonsarta brannen i husrekkja på Eikelandet ikkje spreidde seg. Utan brannmannskapa frå Usledalen kunne det ha enda i katastrofe. Dette er berre eitt eksempel! Det dømet viser mykje tydelegare enn stoppeklokka den store verdien av å oppretthalda Uskedal Brannstasjon.
Eg har den tiltru til politikarane at dei står på vedtaket frå 2020, og at dei tenkjer på innbyggjarane sin tryggleik. Dei kan gjerne leggja til eit punkt i vedtaketn om at administrasjonen skal følgja opp og utreia innspelet om ny stasjon på Børnes
Uskedalen 05.06.25
Thor Inge Døssland
Tekst: Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal