Mange toppar på to dagar.
Imponerande rundtur i Rosendalsfjella og Uskedalsfjella.
Knut Gilberto Sæbø, uskedeling busett i Bergen, er glad i trening, og særleg elskar han når verforholda tillet han å leggja trimmen utandørs, helst ute i vakker natur. Dermed blir det mange fjellturar både i Bergensområdet, i området rundt og særleg godt likar han å besøkja toppar i den vakre kvinnhersnaturen.
Sist fredag og laurdag hadde han to svært vaksne turar. Fredag var han i Rosendalsområdet medan han dagen etter la turen i fjella rundt heimbygda Uskedalen. Utsikten var vakker mange stader slik som bildet over viser.
Vermeldingane gjorde at han tok ein avspaseringsdag frå jobben fredag. I staden kjørte han til Rosendal og starta i Muradalen før turen gjekk vidare til Andersfjell, Bjørndalstindane, Bjørndalstraversen, Juklavasskruna, Volarusta, Ørnafjellet og Malmangernuten før han kom ned til Rosendal fjordhotel. Derfrå gjekk turen, sjølvsagt til fots, via Hattebergsfossen tilbake til bilen som stod parkert ytst i Muradalen. På den solide turen tilbakela han vel 29 km og 2590 høgdemeter. Turen blei tilbakelagt på 10 timar og 45 minutt. Han starta kl.08.46 og var tilbake til bilen kl.19.30.
Lørdag middag kjørte han til kalkestasjonen på Haugland. Derfrå starta han kl.12.54 og var først på Geitadalstind før han gjekk vidare til Nåsatenen og innover Ulvanåso. Vidare passerte han Fagerskaret før han sette kursen mot toppen av Englafjell. Han gjekk ned i Eikedalen før han brukte ei klatreløype på deler turen opp til Manen. Besøket på Manen var litt spesielt for han, fordi det var faktisk første gongen han var på denne toppen med slik vakker utsikt. Då han kom ned til Eik, gjekk han inn att mot Eikedalen, til Flåtene, før han gjekk ned derifrå til Feet. Deretter traska han på asfalten tilbake til bilen på Haugland. Det høyrer med til historia at han takka nei til bilskyss siste etappen. Han var vekke frå bilen i 8 timar og 41 minutt, og han karakteriserer farten på turane begge dagar som “rusletur”. Han hadde i allefall tilbakelagt 28 km og 2609 høgdemeter. Han innrømmer at beina var litt tunge då han starta på lørdagsturen.
Knut Gilberto synes det var ein fantastisk måte å bruka finveret dei to dagane på. Han seier at det er ekstra kjekt å gå turar i Kvinnheradsfjella. Det er mange som er interessert i å gå turar, og han møter mange som er ute på lange turar. I den samanheng nemner han mellom anna at han møtte to hyggelege Uskedals-damer på turen lørdag. Dei gjekk ein omtrent liknande tur som han. Dei var i alle fall på Ulvanåso og Englafjell.
– Vi må jo vera i bra form for å leggja ut på slike turarar, seier den utflytta uskedelingen. Sjølv likar han å trena, og best likar han å gjera det ute i naturen.
– Det gir dobbel glede, beskriv han. Helger og fridagar blir brukt mykje til turgåing, og mest kvar dag når veret tillet det, tar han seg ein tur til Ulrikken eller Lyderhorn før arbeidstida startar i sju – halvåtte-tida. I tillegg til turgåinga er han ein ivrig crossfit-mosjonist, som han seier det. Vanlegvis trenar han crossfit 4-6 gonger i veka.
-Dei aller kjekkaste turane har eg når eg har son min, Anders, med. Som faren er Anders ein skikkeleg spreking. I slutten av mai gjennomførte guten, som blir 10 år like før jul, 7-fjellsturen.
Eg spør om grunnen til at han tok med seg den unge sonen på ein slik kraftprøve.
– Anders er veldig flink å gå, han hadde veldig lyst sidan det gjekk så bra på 4-fjellsturen i fjor. Det var perfekt ver, og vi bestemte oss for å prøva. Det gjekk strålande, og Anders var veldig stolt då han klarte det, fortel ein minst like stolt far.
Det er naturleg å spørja kva han legg vekt på for at sonen skal lika seg på tur.
– For det første er det viktig å ha rette kle på, og nok kle med. Vi har alltid med snacks, og vi lagar ofte mat på turen, enten på bål, grill, stormkjøkken eller vaffeljern. Og så likar Anders gaming, og som bonus får han litt ekstra tid til det, fortel Knut Gilberto. At han er godt utstyrt når han er på desse turane, har nok alle forstått når dei har møtt han. Då har han alltid ein velpakka ryggsekk som er noko større enn fjellkaren sjølv.
Turane han går, pleier alltid å bli godt dokumenterte på instagram og strava.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Private foto