Det er 10 år sidan Sigrid Øyrehagen, som er utflytta frå Uskedalen, viste bilda sine i Kvinnherad. I dag opna ho utstilling i Galleri Banken i Ølve. Ho dekka veggene med nye og eldre bilde, ein monotypi-installasjon, landskapsbilde, interiør og stilleben. Mange tok turen over fjorden til Ølve i dag, venninner og kjende frå Uskedalen og resten av Kvinnherad. Utstillinga i Ølve er open fram til 13. juli.

Utstillingsleiar i Galleri Banken, Marta Nerhus.

Utstillingsleiar Marta Nerhus skriv slik om Sigrid:

Bilda hennar er sterke og vakre, men kan og vekka uro. Det er minnebilde, draumar og fantasi, der me vert inviterte til å dikta vidare sjølve.
Sigrid Øyrehagen har vore aktiv utstillar sidan 1980 talet, og når me ikkje har sett arbeida hennar i Kvinnherad på 10 år, har ho stillt ut på Austlandet. Siste store utstilling var på Drammen Museum 2024.

Gode venninner og hjelparar.

Sigrid Øyrehagen er innkjøpt av Nasjonalgalleiet, Drammen Museum, Kvinnherad kommune og fleire andre sentrale institusjonar i landet. Ho har gjort fleire utsmykkingar og moteke mange stipend og prisar.

Kunstutdanninga si har ho frå Kunstakademieet og Kunsthandverkskolen i Oslo.

Monotypi
Tekst/nett: Kristian Bringedal - redigert frå presseskriv
Foto: Inga Tveito