
Mange tek turen til Ølve for å sjå Sigrid Øyrehagen sin utstilling i Galleri Banken.
Airin Helene Zimmer er godt nøgd med interessa for Sigrid Øyrehagen sin utstilling i Galleri Banken, også kalla Ølve Kunst og Kultur. Sist vi snakka med henne, var 20 bilete selde. Tilsaman er det om lag 70 motiv i lokalet. Ikkje alle er på vegg. Nokre kan vi bla i og finna fram frå mapper. På opningsdagen var hele 70 gjester innom.

Monotypiane har motiv frå natur, landskap, tun, blomar og dyr. Bileta er ikkje innramma. Prisen ligg mellom kr. 3 200,- og kr. 5 800,-. Utstillinga er open onsdag – sundag, kl. 12 – 16, og elles etter avtale.
Neste utstilling har tittelen Unge nye der mellom anna dotter til Marta Nerhus er ein av kunstnarane. Airin Zimmer eig gamlebanken i Ølve der ho også bur. Ho eig også posthuset tvers over vegen, ope på same måten, med utstillinga Dei gamle sagene i Øve og på Hatlestrand.
Siste opningsdag er sundag 13. juli.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal