Mange songglade på Tiaren.
Tradisjonen tru var det tirsdag denne veka allsong på Kafè Tiaren slik det er siste tirsdagen i kvar månad. Som vanleg var det trioen Rustne Menn, Svein Rimestad, Tore Nordal Pedersen og Kristian Olav Bringedal, som drog i gong songen. Og kafègjestene var verkeleg med!! Songen runga godt i Gamleskulen mellom kl.12 og 12.30 også denne gongen. Allsongfaktoren på utvalget av songar var høg! Tekstane var med eitt unnatak norske. Unnataket var “Take Me Home Countryroad” – ein svært veleigna og god allsong. Johannes Kleppevik sine gode songar var med; – både “Oldefar” og “Per, vil du danse” slo godt an blant publikum som song godt med på desse til liks med Lillebjørn Nilsen sin “Regnet er en venn”, “Fanaraaken”, “Elegi ved Uskedalselvo”, “Min tanke er fri” og resten av songane.
Publikumsframmøtet var svært godt, og det er heilt tydeleg at kafègjestene set stor pris på denne songhalvtimen med Rustne Menn ein gong kvar månad.
Neste gong Rustne Menn blir å høyra, er på konsert på Stemneplassen 15. august kl.18 etter at det nyskapande toppløpet “Skårhaug Opp” har blitt gjennomført. På den konserten vil også seniorbandet i musikklaget delta.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.