Inspirert av gode arbeidskollegaer stakk eg innom Gros Blomster på veg heim frå jobb i dag. Det er tid for å planta litt fram mot nasjonaldagen. På veg inn til butikken blir vi møtt av eit blomsterhav i mangfaldig og nydeleg fargeprakt. Inne i butikken blir vi møtt av den fagkunninge og blide betjeninga som gjer at til og med ein litt hjelpelaus tilårskommen kar trivest med oppgåva si.

I Gros Blomster får vi verkeleg fagmessig hjelp, og så langt eg kan skjøna er utvalet både rikhaldig og godt. Flott er det i alle fall!! Fargane er så nydelege at ein føler at humøret lettar, og viss ein har følt seg litt sliten, blir dette som blåst frå skuldrene. Inne i butikken er det klargjering av oppsatsar og anna fint innimellom ekspederinga. Med alt det fine som er utanfor, stoppar dei fleste kundane litt utanfor, og dermed går det veldig greitt å halda koronaavstand.

Nydelege fargar lyser mot kundane når dei kjem til Gros Blomster.

Gro kan fortelja om travle tider med mykje aktivitet. Butikken er open til kl.17 om ettermiddagane, men det er mogeleg å få handla etter det. I det fine veret er det eit svært godt utvalg utanfor burikken. Ordninga med at kundar kan henta planter, betala med vipps og skriva kva dei har kjøpt i meldinga held fram. Varene er godt merka med tydelege prisar.

Dersom ein ønsker spesielle ting, kan vi ringa slik at dei gjer det klart. Då kan det avtalast henting enten inne i butikken, eller det kan setjast ut. Elles har jo butikken ordning slik at dei bringar heim.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland