Mange namn frå Uskedalen i boka Pop og rock i Kvinnherad. Jan Gjertsen er den mest profilerte.
I boka Pop og rock i Kvinnherad finn vi mange namn frå Uskedalen. Bassisten Jan Gjertsen er den mest profilerte. Har har vore aktiv musikar i fleire band på 1970 talet og fram mot år 2000, mellom anna i gruppa Asfalt. Alt i 2005 etter ein utstilling var det tankar om bok. Arbeidet tok til i 2021 med Lars Jostein Rørvik som redaktør. Målet var få fram ein oversikt over alle pop- , blues- og rockeband som har vore aktive med framføringar, til dømes på dansar, festivalar og mønstringar. Resultatet er ei bok med om lag 180 band i ein tidsperiode på 60 år. Lista under syner alle frå Uskedalen som er omtalt i boka.
Det er Jan Gjertsen, Gianni Rebaudo, Leif Harald Myhre, Svein Johannes Wang, Tor Eik, Trond Arne Gjertsen, Vegard Døssland, Knut Gilberto Sæbø, Birger Bauge, Bjørnar Eik, Kai Andre Sunde, Espen Hjelmeland, Sindre Aksnes, Eirin Rørheim Kjærland, Michael Røssland, Jo Svein Nåsen, Gaute Haugland, Torstein Monsen, Amund Matre, Wermund Vetrhus, Jørn Øyrehagen Sunde, Joakim Myhre Eik, Ørjan Myklebust, Ann Lisbeth Moen, Bente Halvorsen, Atle Fredheim, Espen Hjelmeland og Tore Sergei Myklebust.
Boka kan kjøpast på bokhandelen på Husnes og i Rosendal. Utgjevar er Skimtvis forlag med Kristian Hus og sonen Kristen Børje i sentrale roller.
Tekst/nett: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland Foto: Lånt av Lars Jostein Rørvik