Lokal skilting, turvegar og stadnamn, er sjeldan god nok. Det er truleg grunnen til at tilreisande gjester ofte går feil trase på turen over Dønhaug. Dette gjeld turistar, båt- og campinggjester og andre som ikkje er kjende i Uskedalen. Dersom ein ikkje har turvegen på mobil, digitale kart eller på papir, er det ikkje alltid like enkelt å finna fram. Mange kjenner ikkje til plassane Dønhaug, Geilo, Brekketoppen, Neset eller Holmane, slik det er opplagt for oss som bur her. Dei har aldri høyrt namna før og veit sjølvsagt ikkje kor det er. Bilete syner plassen der ein går mest feil og tek av for tidleg før Gardsbarnehagen.

Turvegen er delvis merka, men med litt anonyme skilt.

Det har difor auka på med turfolk som tek av for tidleg på vegen på Kjærlandssido og går gjennom tunet til Dønhaug Gjestegard i staden for å gå via Gardsbarnehagen. Der gjeld også om ein går andre vegen, opp ved Auto 88 og skal gå over Dønhaug. Dei som går opp på Døsslandsido og vidare over Holmane, går ofte rett fram når ein kjem opp i vegen på Kjærlandssido i staden for å ta til høgre og fram til Gardsbarnehagen. Ein anna plass der mange går feil, er i øvre Halsane/ Dønahaugstølen.

Det er viktig å få fram at dette ikkje har noko med turvegen i Skårhaug å gjera. Ved ferdigstilling skal Skårhaug skiltast i samråd med naboar og grunneigarar.

Ei god skilting vil truleg løysa problemet.

Helselaget sin Hjartemarsj er merka med rett turtrase over Dønhaug.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal