
Mange kom for å høyra og vera med i songen Septemberstilla - eit minne om Lars Ljosnes.
Ikkje ein stol var ledig på Kafe Tiaren i dag. Uskedal Musikklag inviterte til allsong med vekt på tre høgdepunkt på repetoaret. Det fremste av dei var urframføring av diktet Septemberstilla – eit minne om Lars Ljosnes, skrive av Olaf Agnar Gausvik, arrangert av Per Olav Paulsen for Musikklaget. Diktet kom med i samlinga Det droplar og dryp på Setesdalsforlaget i 2007. Tone er Mull of Kintyre av Paul McCartney.

Trommis Kjell Borge Olsen stod fram med klikkertspel, rytme med to små treflater mellom fingare. Kjell lærte klikkertspel som liten gut i Bergen. Seinare har det vore ein del av livet hans. Klikkertane er med og vert teke fram for å skapa stemning.
Den kongeleg skipsklokka kan vera unik. Det er usikkert, men truleg kjem skipsklokka frå ein engelsk marineskip. Kongeleg monogram og bokstav E ( Elisabeth ) og R ( Rex ) tyder på at dette har noko med det engelske monarkiet å gjera. Det høver godt å bruka skipsklokka i framføringa av Skomværsvalsen av Erik Bye.

Uskedal Musikklag ligg ikkje på latsida. Neste på blokka er Rosendalstunet tysdag 10. juni. Etter det: Friluftskonsert på Stemneplassen. tysdag 17. juni.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal