Børsdalsnissen har hatt det travelt i jula. I kveld kom han for andre gong og ville sjå kva som låg i Nissekassen. Tenk, heile 30 helsingar av ulike slag, julekort, brev, teikningar, juleynskje og berre God jul NISSEN. Børsdalsnissen tok alt, som låg i kassen, med til nisseborna i Børsdalen. No skal nissefamilien kosa seg med alle dei kjekke helsingane. Nissekassen vert skrudd ned og teken vare på og brukt på nytt om eit år.

Kjem ikkje nissen snart???