Ny mulighet til å høyra dei i Rosendal torsdag kl.18.

Komande helg skal Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps delta i den tradisjonsrike skulekorpskonkurransen “Hordablæsten” i Grieghallen. Tirsdag kveld inviterte dei til generalprøvekonsert i Aktivitetshuset. Gledeleg mange møtte opp til ei flott musikkstund der korpset spela konkurranseprogrammet sitt. Dei unge musikarane viste til fulle at dei har jobba godt fram mot konkurransen, og vi fekk eit bevis på at slike deltakingar hevar det musikalske nivået både på kvar enkelt musikar og på heile korpset. Dessutan er det spennande, og det gjev det heile eit sosialt puff. Det er det to dirigentane Tor Skeie Olsen og Nich Hughes som har samarbeida om innøvinga, og det var sistnemnde som dirigerte korpset.
For dei som gjekk glipp av konserten anbefaler eg ein tur til Rosendal Samfunnshus torsdag kl. 18 der dei skal ha ein siste generalprøvekonsert før dei fredag set seg på bussen med kurs for Bergen. Laurdag er sjølve konkurransedagen, og musikarane kjem heim laurdag kveld etter festkonserten med flott musikk av Krohnengen Brassband og spennande resultatpublisering.

Flott generalprøve!

Korpset spela 3 nummer innanfor tida dei har til rådvelde i konkurransen. Det starta med friske og feiande afrikanske rytmar i African Funk av Alan Fernie. Dette blei midt i stykket krydra med rytmiske dansesteg og klapping av Ola Hermann Fossli med flott respons frå publikum. Dette stykket fekk underteikna til å drøyma seg vel 15 år tilbake i tid då han reiste saman med fleire musikarar frå dei to korpsa til både Stavanger, Bergen og Stord for å delta på Hot`n Funky-samlingar med afrikanske instruktørar. Det er noko i desse afrikanske rytmane som treff oss!
Korpset fortsette med ein flott framføring av Rolf Løvland sin velkjende og usedvanleg vakre You Raise Me UP. Her var Elisabeth Brakestad Boge kornettsolist, og den oppgåva løyste ho på ein flott måte. Også arrangementet av stykket var vakkert. Det var gjort av Nick Hughes sjølv i samarbeid med Yngve Nikolaisen.
I avslutningsstykket fekk vi oppleva ein annan sjanger. Gjennom tre satsar i Peter Graham sin komposisjon Three Jazz Pieces fekk publikum ein svingande avslutning på eit flott, variert, utfordrande og godt samansett program. Dei fortente verkeleg trampeklappet som fulgte!!!
Dette likte publikum!! Eg trur nok ein del av dei vil vera på plass i Rosendal Samfunnshus torsdag og. Dette kan absolutt godt høyrast fleire gonger.
Uskedalen.no ønskjer lukke til, og er imponert over den flotte utviklinga. Dette er eit samarbeid som ber frukter både musikalsk og sosialt.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.